Ingen som har svart, så eg prøver meg, eg
Bulldoseren enser ikkje myggen pga hormoner og selektiv hørsel.
Då må ta einta tida til hjelp og bygge om buldoseren til ein Ferarri (har alltid hatt lyst på ein, eg)
Ombygging tek tid. Mi løysing har vore å unngå situasjonar der eg veit bikkja ender opp som buldoser. Det gjelder å velge "rom" der bikkja mestrer påkjenningane av både hormoner og natur/miljø rundt seg. Kan godt hende du må endre tidspunkt på turgåing eller bytte turområde. Om du likevel kjem opp i ein buldosersituasjon, så er det (for meg) viktigast at bikkja ikkje kjem seg dit den har fokus. Om eg då må snu og dra bikkja med meg, eller om eg må binde den fast i ein lyktestolpe til myggen har spasert forbi, så gjere eg det.
Det har meir enn ein gong blitt buldosertilstand inne i mitt hode pga bikkjedyret, og det har hjelpt lite. Så no ventar eg til alle myggane er borte før eg får kontakt med min blivande ferarri, og går vidare. Kanskje resten av turen eller kanskje bare to meter til. Heldigvis går hormonfasen over, men jammen er det slitsomt mens det står på.
Generelt sagt er det jo slik at alle bikkjer i hormonfasen gløymer alt om tidligare god oppførsel og innlærte kommandoer. Da er det ein ting som hjelper: fjerne det ein klarar av forstyrrande faktorer i miljøet og gå tilbake i innlæringa og bruke kommandoer som bikkja forsatt hugser. Tre skritt fram, to tilbake..
Lykke til.
Heidi